I Elephant 9 og Reine Fiske sitt rike får me servert nydelege harmoniar krydra med herlege 70-tals referensar. I eigne augneblinken roleg og avbalansert for så å eksplodera i reinskoren musikkenergi. Med solid styring frå Lofthus sin insisterande rytmedriv flyt bandet frå harmoni til harmoni heile tida med kontrastar som krystalliserar det detaljerte musikalske uttrykket full av overraskingar og nye retningar behageleg og spanande på same tid. Tankane går til Miles Davis og Deep Purple men òg til nye musikalske rike.
Med Reine Fiske sine magiske gitarsoloar Ståle Storløkken sin orgelorgie Nikolai Hængsle Eilertsen sin suggerande bass og trommegeneral Torstein Lofthus sine triumferande soloar møtes dei fire i eit psykedelisk presist progrock-landskap heilt utanom det vanlege.