Programmet til Vossa Jazz

stankotrumpet_0

Palmehelga har sidan 1970-talet vore synonymt med Vossa Jazz og dette året er ikkje noko unntak. Programmet er no klart både på www.vossajazz.no og i papirutgåve. Blandinga av jazz folkemusikk og verdsmusikk er framleis ein populær formel og med 50 tilskipingar og meir enn 200 artistar fordelt på tre dagar skulle det vera noko for dei fleste smakar.

Årets tingingsverkkomponist Mathias Eick stiller ein seg store forventningar til. Han har avslørt at han vil bruka sjansen til å forsera eit meir elektronisk lydlandskap verket har fått tittelen ”Voss”.

Opningskonserten står Overtone Quartet med m.a. den kjende bassisten Dave Holland for det skulle sikra helga for alle hardbarka jazzfans som m.a. bør går vidare og få med seg den unge stjernesaksofonisten Marius Neset Stefan etterfulgt av Stefan Pasborg og hans utvida Odessa-konsept no kalla Odessa 5 X-tra Large. Terje Rypdal appellerer til både nye og gamle fans med prosjektet «Per Ulv goes electric» og For dei som såg Spellemannsprisen fekk ein kanskje med seg Christianssand String Swing Ensemble. Dei kjem til Vossa Jazz saman med Gabriel Fliflet og Ole Hamre så her blir det høg underhaldningsfaktor. Det same kan me lova til årets tingingsverk for Badnajazz «Eg è liten eg men eg vaoga meg» der nær 100 vossatassar framfører folketonar med stor innlevingsevne.

Ekstremjazz er det Karl Seglem som er kunstnerisk leiar for det vert garantert ei spektakulær framsyning med jazzeld ispedd nokre av verdas beste ekstremsportutøvarar.

Tomasz Stanko har tre gongar vorte kåra til verdas beste trompetist av Down Beat no er han klar for Voss.

For fullstendig program sjå www.vossajazz.no

 

For meir informasjon ta kontakt med dagleg leiar Trude Storheim tlf 957 61 257 eller presseansvarleg Brit Aksnes tlf. 980 56 274.

Del gjerne!