Programendring Vossakveik – Thomas Giertsen kjem!

Grunna endring i produksjonsplanane til NRK er dessverre Anne Lindmo forhindra frå å koma til Vossakveik. Men, me er så heldige at Thomas Giertsen kjem!

Kvifor mislukkast flinke folk?

Giertsen skal dela raust av sine erfaringar, og forklara kor viktig det er å ha hovudet med seg når avgjersle skal takast: Hald hovudet kaldt! og Tenk deg om ein gong til! er truleg av dei råda me får som born. Det er ikkje mogleg å endra på det me opplever og moglegheitene me får. Men me kan tenkja annleis om dette. Klarar me det, er sjansen større for – ja, nettopp – å lukkast!

Med utgangspunkt i beslutningsteoriane til den israelsk-amerikanske psykologen Daniel Kahneman gjev Thomas Giertsen eit muntert og samstundes tankevekkjande bidrag til forståinga av kvifor nokon lukkast og andre ikkje – og kva som skal til for å leggja tilhøva best mogleg til rette for å lukkast med det ein held på med. Thomas Giertsen er ein av Noregs mest kjende humoristar med ei lang karriere innan standup, scene- og tv-produksjon. Han er dessutan gründar av produksjonsselskapet Feelgood Scene, Film og TV, og er godt kjend frå tv-programma Helt perfekt og Mandagsklubben.

Tina Kjerland kjem og vil snakka om Identitet i spagaten og Hedvig Mollestad vil gje oss smakebitar frå Tingingsverket.

Kjøpte billettar gjeld framleis! Dersom nokon som har kjøpt billett ikkje ynskjer å nytta denne, send ei melding til kari@vossajazz.no seinast 4. april.

Del gjerne!