På fredag og laurdag har me DJ i pianobaren. Gard Haugland og Miksemalin kjem tilreisande for å by på favorittmusikken sin. Ta gjerne turen etter konsertane!
Gard Haugland er restaurantgründer i Bergen. Som musikkelskar har han spelt plater i ulike settingar opp gjennom åra. Han vil ikkje kalla seg DJ av omsyn til alle dyktige profesjonelle djs, men kallar seg music selector. Han er svært interessert i moderne jazz og kryssinga mellom elektronika og jazz. Velkomen til ein klubbkveld der ein like godt kan sitje og nyte som å slå seg laus på dansegolvet.
Etter seks år bak dj-spakene har Miksemalin (Malin Dahl Ødegård) fasilitert for mangt eit gyngande dansegolv landet rundt – med forkjærleiken sin for hip hop, jazz, funk, disco og soul. Denne laurdagen på Vossa Jazz speler ho eit utval veltempererte låtar som held deg varm langt ut i den kjølige aprilnatta.
Gard Haugland spelar frå 2300 til stenging fredag. Miksemalin frå same tid på laurdag.