Priya Bains & Mira Thiruchelvam med Oljedrømmen

Bildet av Priya Bains: Baard Henriksen - Bildet av Mira Thiruchelvam: Francisco Munoz

Velkomen til ei heilt spesiell oppleving i Vangskyrkja laurdag 12. april!  

OLJEDRØMMEN 

jeg drømmer vannets buldring over landmassene / jeg drømmer vannets bevegelse over steinene / jeg drømmer tidevannets utrettelige arbeid / dyphavets strømmer, surklingen i mosen / dråpene ned fjellsiden. 

Med tekstar frå Priya Bains og musikk frå Mira Thiruchelvam, har dei saman skapt eit dystopisk dikt- og lydverk om sommarens hetebølgjer, oljas urgamle tid, og mennesket i krise. Gjennom biletet av ei svart sol vert det mana fram eit århundre av vald og mørkre – men med nokre glimtvise lyspunkt i skaparkrafta. 

Priya Bains (f. 1995) er forfattar, kritikar, gjendiktar og redaktør. Ho debuterte i 2021 med diktsamlinga Med restene av mine hender som ho mottok Olav H. Hauge-stipendet og Festspeldiktarens stipend under Dei Litterære Festspela i Bergen for, begge i 2022. Ho har lang fartstid fra Tidsskriftet Fett, er fast spaltist i Morgenbladet, og er redaktør for tidsskriftet Vinduet. Nyleg kom ho ut med antologien Alltid samme snø, alltid samme grense, redigert saman med Burcu Sahin. 

Mira Thiruchelvam (f. 1994) er vokalist, fløytist, gitarist, komponist og produsent frå Laksevåg, med føtene godt planta i tamilske røter. Hun har bakgrunn frå sørindisk tradisjonsmusikk, og har utviklet eit rikt og sjangeroverskridande musikalsk uttrykk. Thiruchelvam er blitt et kjent namn innanfor progressiv etnisk musikk i Noreg og internasjonalt. Ho stifta den Spellemannsvinnande gruppa 9 Grader Nord, produserer Gutu Abera og har delt scene med Karpe.   

Del gjerne!