Pressemelding – Ekstremjazz 2009

foto_ekstremjazz07

Foto frå Ekstremjazz 2007

Jon Balke i aksjon på Vangsvatnet

Årets Ekstremjazz er eit samarbeid mellom Jon Balke Batagraf og dansekompaniet Wee leia av italienske Francesco Scavetta. Dei skal framføra ”Salto – Goodbye have a safe journey and follow your heart”. Dette vert ei spektakulær utandørs konsert-framsyning med dansarar og utøvarar frå ekstremsport og akrobatikk med Vangsvatnet som bakgrunn og scene. «Ekstremsport handlar om vilje til å handtere risiko. I dette ligg det opningar til noko nytt. Det meste er vanskeleg men alt er mogleg!» seier Jon Balke. Historia bak framsyninga er utvandringa frå Voss på 1800-tallet og assosiasjonar kring det å sleppe taket: forlate det velkjende og kasta seg ut i det ukjende. «Noko slikt må dei jo ha tenkt også dei som på 1800-talet reiste frå gard og grunn for å koma til New York med heile livet i ein koffert. «Salto!» er ein fabel rundt omgrepa risiko og gevinst» held Balke fram. Jon Balke er av dei mest markerte aktørane i norsk og europeisk jazz. Heilt frå tidleg på 1970-talet har han bidrege med tonar frå klaver og synth og som arrangør og komponist mellom anna med Masqualero Jøkleba Magnetic North Orchestra og Batagraf.»VossaJazz satsar sprekt; me vil syna at me er ein nyskapande festival og kombinerer natur og kultur på ein spektakulær måte” seier dagleg leiar Trude Storheim.For meir informasjon kontakt Jon Balke tlf. 901 83 238Trude Storheim dagleg leiar Vossa Jazz » tlf. 56 52 99 11 / 957 61 257Dansarar:Gry Kipperberg Christine KjellbergArnulfo Pardo Ravagli Koreograf: Francesco ScavettaMusikarar:Jon Balke Helge NorbakkenIngar Zach Kenneth EkornesSnorre Bjerck Siv KjenstadGard Nilssen Thomas DahlEllen Thuland Kari Finne SongnnæsKostymedesign: Gørild Bjerke SætherLydproduksjon: Asle KarstadLysproduksjon: Tor Ditlevsen Framføringa finn stad på / ved Vangsvatnet laurdag 4. april klokka 20:00 – og er gratis.

Del gjerne!