Pow-pow-powerduo

Pasborg/Storløkken (Foto: Odin Drønen/Vossa Jazz 2017)
Pasborg/Storløkken (Foto: Odin Drønen/Vossa Jazz 2017)

Tangentkongen Storløkken og trommemester Pasborg spelte ein legendarisk konsert i foajeen i Gamlekinoen fredag kveld. Her vart vi servert nydelege og nedpå låtar med luskande og lurande Twin Peaks-assosiasjonar. I tillegg fekk vi parafraser over Black Sabbath-hiten Iron Man og geniale Paint it Black av Stones. Publikum var entusiastisk lyttande og lydhøyrt. Føtter trampa takten, hovuda nikka og det var til og med tillaup til luft-tromming. Duoen baud på eit intenst samspel som tydeleg viste at dei trivst i lag. Publikum fekk ei oppleving som må nedteiknast i dagbøkene, for dette var unikt og moro. Storløkken sjølv påpeikte at det måtte vere deileg å vere dansk på Voss, med tilvising til Pasborgs nasjonalitet. Denne kvelden var det rett og slett deilegast å vere jazzpublikum på Voss.

Del gjerne!