Dei byggjer våre hus og passar våre born men kva veit me eigentleg om dei musikalske kulturskattane våre polske medborgarar ber med seg? Med sublime gåtefulle tekstar og ømme stemmer med tidvis eksplosiv kraft førte Karuzela dei lyttande inn i eit mystisk musikalsk landskap liknande ein polsk tåkeheim.
Jørn Simen Øverli hadde oversatt dei kjente polske songane til norsk og ikledd Tora Augestad si vene røyst kom det suggererande lydbiletet til sin rett. Det polske og norske språk avløyste kvarandre stilfullt til vekslande rytmar og mjuke tonar. Det var ikkje anna for publikum å gjere enn å lene seg tilbake i stolen og la seg dysse inn i ein transeaktig tilstand.