Plystrande einmannsorkester på spøkelsesjakt

Juvet var laurdag føremiddag samlepunkt for eit loopbasert blåsande einmannsorkester med innslag av alt frå slangar til sjørøvarar men kanskje mest spanande; spøkelse! Det viste seg at Håkon Kornstad hadde ein løynd identitet som fløytespelande spøkelse. Etter å ha fått bekrefta at Vossabodna kunne plystra kom fløytespøkelset luskande fram og saman vart det ein plystrefløytespøkelsessymfoni av dei sjeldne.Det kanskje gjevaste var den gigantiske saxofonen Kornstad hadde med men eit unisont sukk av beundring vart fort erstatta med latter når det viste seg at ein snikande slange blokkerte tonane frå vedunderet. Slangen vart lokka fram på ekte slangetemmarvis med smektande tonar (og ein nesten usynleg tråd). Når slangen var temma kunne endeleg storsaksofonen buldra ut med all si kraft og lydane vevd saman med den pulserande loopfunksjonen lokka fram mange små hoppande dansekaninar på golvet. Konserten vart runda av i eit entustiastisk og pulserande tog gjennom Juvet leda an av blåsegeneral Kornstad på verdas største saksofon!