Plateaktuelle Silje Nergaard til Vossa Jazz!

Måndag kom Silje med plata “A Thousand True Stories”. Plata har motteke gode omtalar og Hanne Farestvedt i Bergens Tidende skriv mellom anna: “Silje Nergaards klart beste utgivelse så langt”. Dette lovar godt for konserten på Vossa Jazz! Sundag 5. april klokka 19:00 går Silje med band på scena i Vossasalen billettsalet er igang!

 

Sidan Silje som 16-åring entra scena under ein jam-session med Jaco Pastorius Band under jazzfestivalen i Molde har ho begeistra eit stort publikum. Både som vokalist og låtskrivar imponerer ho stort. Ho fekk heiderstittelen Årets Spellemann i 2003 og albuma hennar har salstal dei fleste norske jazz-musikarar berre kan drøyme om. Et stort internasjonalt publikum blir bergtekne av dei særeigne melodiane. Dei siste åra har ho samarbeida med mellom andre artistar som Pat Metheny Al Jarreau Toots Thielemans og Tord Gustavsen.Silje syng mjukt og vakkert ho er sjarmerande og tilstades. I eit musikalsk spenn mellom pop mjuk kammerjazz og soul vil ho bevege seg – og oss.

Silje Nergaard – vokal
Helge Lien – piano
Finn Guttormsen- bass
Jarle Vespestad- trommer
Håvar Bendiksen- gitar/kor  
www.siljenergaard.com