Pingvinstøv

”Gi oss beat gi oss beatpoesi gi oss jazzen & beaten!” Frode Grytten Beatband framfører ærleg jazzpoesi med overtyding. Fredag kveld let publikum seg fengsle av solide lydbilete og lokkande ordleik på Fleischer’s. Grytten og bandet synte taktfast samspel med tone og tekst til ettertanke.
Konserten gav også rom for skarp humor. Salen let seg more av samanlikninga av Amerika versus Noreg. Grytten sjarmerte med oppfølgaren ”Voss”: Du får meg til å føle meg passe… Eldhusrøykt! Knut Litsheim odding busett på Voss samanfattar opplevinga presist: Enkelt og greitt dette er framifrå!