Pianomagi

Foto: Ådne Dyrnesli

Laurdag kveld klokka åtte stod det piano på plakaten. Staden var Gamlekinoen, og på scena sat ein mann med sixpence, Carsten Dahl. Kveldens konsert, forklarte han, handla om augneblinkens musikk. Undervegs fekk me ei påminning om den ytre verda sin eksistens, og jazzen si samtidigheit, då ein mobiltelefon byrja ringje og Dahl på elegant vis etterlikna ringjelyden på pianoet.

Dahl tok oss gjennom eit usedvanleg rikt og vakkert lydlandskap, der han mesta hogg til på tangentane og i neste augneblink varsamt lét fingrane vandra over tangentane og trylla fram nydelege melankolske tonar. Stundom kjendest det ut som å kome over ei stor lysning der ein brått kan skode langt over tindar og blånar, men samstundes andre vegen, innover, i ein sjølv. Ein kan kalla det magi eller jazz, det kjem ut på det same. Kveldens konsert var uansett ein mektig demonstrasjon av musikkens mystiske kraft.

Del gjerne!