«Petters festjam» si forteljing om den store musikalske vekkinga som har jam-søkt vårt land

Petters Festjam (foto: Vossa Jazz/Eila fjose)
Petters Festjam (foto: Vossa Jazz/Eila fjose)

Kvar er Petter?

Klokka er 21.10, det står då vitterleg i programmet at Festjammen skulle byrja for ti minuttar sidan.

Ein dytt i ryggen, to trykk i handa, bergensk-engelsk med jazzenglish schvung fyller salen. Watt vould Petter sjov for oss? Etter enno eit par minutt med mikrofonfomling og justering byrja showet. 

Inn frå salen blir Ola Høyer, Veslemøy Narvesen og Kåre Kolve, ein etter ein, introdusert. Energisk, springande, og ein Kåre Kolve i solbriller, pannebånd og hawaiiliknande t-skjorte. Den improviserte bopen byrjar, og eg sit ned medan føttena mine trampar til takta. Etter ei stund der soloane vert heve rundt i rommet som ei heit potet, kjem det ein uforventa vokal blant publikum til «in a mellotone» av Duke Ellington. Spørsmålet me alle spør oss sjølv, i forvirringa om me i det heile tatt ville få noko vokal, er jo sjølvsagt om ein av oss (publikumarar) kan vera so flinke som dei på scena, og svaret er, sjølvsagt, ja.

Vokal med forståeleg song, forsvinn sakte men sikkert til scat. Me alle får att på scat’en når Kåre Kolve blir med, og til slutt oss. 

Dobedobedodadi, shabbadubideeei

So dansar me ut kvelden.

Del gjerne!