Pedalsksjuke

Jeppe Zeeberg and the Absolute Pinnacle of Human Achievement (Foto: Vossa Jazz/ Ådne Dyrnesli)
Jeppe Zeeberg and the Absolute Pinnacle of Human Achievement (Foto:: Vossa Jazz/ Ådne Dyrnesli)

Sampling, ampling (og dumpling). Som ein dumpling var Jeppe Zeeberg and the Absolute Pinnacle of Human Achievement samanpakka av smakar og fyll. Det byrja med ein introduksjon av stemma Siri på ein iPhone på høgtalarane i jazzklubben laurdag kveld, så byrja det heile.

Eit lydnivå som fekk høgtalarane til å lukte svidd, ein støygitar som fekk føtene til å lufttrampe, eit keyboard som fòr inn og ut av lydar, ein schizofren bass som både var el-bass men også rockegitar, og trommer som velta mikrofonar. Det mangla ikkje på fyll. Inn og ut av meldodiar og støy (støy er ikkje noko negativt her), kjente riff og roleg piano. Inn frå sidelinja kom siri inn på nytt, denne gongen med historia om jazz på nynorsk. Det mangla ikkje på trøkk, eller tråkk, då ei ekte framvising av pedalar si evne til å vrenge på lyd vart vist.

Det er ikkje nødvendig å gi noko terningkast til Jeppe Zeeberg and the absolut pinnacle of human achievement då dei halvvegs ut byrja med terningkast, og påfølgjande fløytespeling.

Del gjerne!