Pasborg`s Odessa 5 “X-tra Large”

Den danske trommisen Stefan Pasborg har vunne 2 Grammy og har reist over heile Europa med bandet sitt Odessa 5. I 2010 fekk han eit oppdrag frå Copenhagen Jazz Festival og bestemte seg då for å gå X-TRA LARGE!

Blandinga av afro avantgarde og jazz får ein til å smått tenkja på korleis det hadde høyrtest ut om Ornette Coleman King Crimson og Igor Stravinsky hadde samarbeidd! Viss ein så hiv inn litt balkanmusikk finsk mambo og flyttar det heile til New Orleans så er ein i ferd med å finna kodeorda.

Dagsavisen fann fram sterke superlativar for å melda plata med same namn som prosjektet. Her får ein halda seg fast i stolen om me skal tru amerikanske All About Jazz: «Odessa is certainly a band to be blown away by».

Stefan Pasborg – trommer
Anders Banke – saksofonar
Jesper Løvdal – saksofonar
Jeppe Tuxen – keyboard
Niclas Knudsen  gitar
Jakob Munck – bass-trombone sousaphone
Peter Rosendal – keyboard horn

In English:
Drummer Stefan Pasborg har won 2 Danish Grammys and travelled all of Europe with his band Odessa 5. On this Extra Large edition we could be led to believe we are sitting in on a jam session with Ornette Coleman King Crimson and Igor Stravinsky. Throw in som balkan music and Finnish mambo and let the session take place in New Orleans and we are getting close to what to expect! To quote All About Jazz: «Odessa is certainly a band to be blown away by».