Paganistiske pilgrimar på musikalsk vandring

sinikka_langeland_ensemble_0

Saman med Trygve Seim på saksofon Anders Jormin på bass og Markku Ounaskari på perkusjon har songar musikar og komponist Sinikka Langeland teke for seg eit utval dikt og tekstar og sete musikk til. Sinikka Langeland Ensemble kan plasserast i landskapet av tradisjonell folkemusikk verdsmusikk og jazz. Kvartetten nyttar effektfulle element som glidande saksofonlinjer kromatiske nedgangar og naturtonar. Med fokus på naturen tek dei oss med på ei reise mot eit panteistisk Soria Moria der det daglege og det overnaturlege held hender.

Langeland skil seg ut som musikar og songar. Med vare nevar handterer ho kantelen sin og kantelen bjodar attende på pentatonisk kjærleik. Ho meistar eit breitt vokalregister som stundom glir over i tale. Det er som om ho fortel ei soge men bodskapen er på inga måte brautande. Ein kan sjølv velje om ein vil ta orda innover seg eller berre flyte på ryggen i den svale overflata.

Del gjerne!