På sporet av den tapte lyd

Badnajaazz: Kalaskvintetten (Foto: Vossa Jazz / Anders Flatlandsmo)
Badnajaazz: Kalaskvintetten (Foto: Vossa Jazz / Anders Flatlandsmo)

Lenge gjekk eg tidleg til sengs. I går var inkje unnatak: Og godt var det. For tenk deg at du får setje deg på eit tog av lyd, som tek deg attende til barndomen. Eit slikt tog var det Kalaskvintetten sette i stand for eit smekkfullt kulturhus i dag. Ta plass!

Akkompagnert av dei lune 70-talstonane som gjorde barne-tv-seriane om Pippi, Emil, Albert og barna i Bakkebygrenda tidlause, vart store og små vossajazzarar frakta frå Vangen til Värmland i improvisert ekspressfart.

Bak dei jazza improvisasjonane høyrde dei eldste i salen lyden av barndom i glimt. Så kjent, så kjær, og likevel ikkje heilt der. Her kjem Pippi… nei. Der var Hedvig; hei! Så fekk det heller våga seg at dei minste etter kvart fekk makk i rompa, og med inspirerte hyl slutta seg til virtuosane på scena  – hujedamej, ver grei!

Del gjerne!