På ferie i universet

Foto: Amalie Johannessen

Frå solfylte benkar i ein engelsk badeby til intergalaktisk ferd forbi rom og tid – ein var kanskje fysisk til stades i Gamlekinoen, men tankane fulgte Karin Krog og John Surman på rundreise i universet. Å ha ei bona fide legende til stades i Vossabygda, fordrar at folk kjenner si besøkstid. Det gjer heldigvis vossingar og tilreisande, så ein godt nær fullstappa sal fekk vera med på utflukten. Nostalgisk elektronika blanda med organisk saksofon og ei alltid sterkt tilstadeverande røyst som bind det heile saman. Folkemusikk, jazzstandardar, pop – er det noko sjanger Krog ikkje taklar med glans? Rocks in my bed, syng Krog, ho rockar i allefall Gamlekinoen. Og resten av universet.

Del gjerne!