På den 41. festivalen går Vossa Jazz-prisen til Sigbjørn Apeland!

odin_dronen-2069

Grunngjevinga frå komiteen: Årets prisvinnar er på same måte som dei føregåande sentral i det profesjonelle utøvarmiljøet i fylket. Det som skil han frå dei tidlegare er den teoretiske fordjupinga i spenningsfeltet mellom «tradisjon» og «fornying» «underhaldning» og «fordjuping» det «folkelege» og det «høgverdige». I praksis har dette resultert i grensesprengjande improvisasjon med inspirasjon henta frå jazz samt folke- og kyrkjemusikk. Den 27. Vossa Jazz-prisen går til ein unik improvisasjonsmusikar folkemusikar kyrkjemusikar og salmesyklar: SIGBJØRN APELAND

Del gjerne!