Øyvind Skarbø vann Vossa Jazz-prisen 2016

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun fekk gleda av å dela ut årets Vossa Jazz-pris i forkant av Tingingsverk-konserten.

Bergenbaserte Øyvind Skarbø (fødd 1982 i Stranda) er ein knakande god trommeslagar, kjend blant anna frå band som Håkon Kornstad Tenor Battle, 1982, BMX, Crab is Crap, Honeyleap og Hordaland 80. Saman med desse og andre band, og solo, har han spelt eit drøss med konsertar verda over.

I grunngjevinga til juryen vart det framheva at Øyvind Skarbø utfordrar sjangerkategoriar og vekkjer “undring og åtgaum” ikkje berre som talentfull og nyskapande trommis men òg som komponist, drivkraft og motivator i dei mange prosjekta han deltek i.