Øving til “Fargespill – fleire fargar på Voss” er godt i gang!

Badnajazz sitt Tingingsverk “Fargespill – fleire fargar på Voss” har hatt fleire øvingar saman med kunstnarlege leiarar Ole Hamre Sissel Saue og Hilde Sol Erdal. Det er born og ungdom på Voss saman med “Fargespill-ungdom” frå Bergen som i felleskap står bak framsyninga. Det me har sett av øvingane så langt lovar svært godt!

Set av sundag 5. april klokka 12:00 i Vossasalen billettar kan du kjøpa på posten/ billettservice.