Orkester og borneskule i muntert samspel

Muntre Musikantar Foto: Vossa Jazz/Eirik Åsheim
Muntre Musikantar Foto: Vossa Jazz/Eirik Åsheim

Kulturhuset vart Laurdag fylt med born og vaksne for å bli tatt inn i Torbjørn Egners univers med hjelp av Sjøforsvarets Musikkorps og elevar frå Bjørgum Skule. Iløpet av dei fyrste 5 minuttane var alle fanga av den magiske stemninga, og tilhøyrarane klappa takta til jungelinspirerte rytmar leda an av dirigent Reid Gilje.

Iløpet av konserten vart publikum presentert for nyversjonar frå Egner-klassikarar som Dyrene i Afrika, Bakemester Harepus og Kardemomme By i tillegg til nye komposisjonar som bandt førestillinga nydeleg saman. Med solistar frå Vossabygda og orkesteret vart fleire Egner-viser både sunge og spelt ut med eit godt samarbeid mellom vokalistar og orkester.

Nydelege arrangement og samspel mellom røynde orkestermusikarar, bornekor og små solistar gjorde dette til ei oppleving som alle forlot med eit stort smil om munnen.

Del gjerne!