Orgelsjøen

Brusande hammondorgel bølgjande basstonar og guddommeleg gitarmagi frå Wilco-gitarist Nels Cline akkompagnert av spenstig tromming frå Mr Martin trollbatt dei heldiggrisane som hadde tatt turen til Gamlekinoen denne fredagskvelden.

Rundt tjue minutt uti settet drog sjefsbassist Chris Wood fram kontrabassen og brått gjekk turen ut i verdsrommet. Forvirra publikum måtte sjå seg rundt for å stadfeste at ein framleis sat i setet sitt i Gamlekinoen for brått kjendest det som om ein var langt uti kosmos før ein med eitt var tilbake på jorda. Cline vrengde lydar ein ikkje ante eksisterte ut av gitaren sin mens Medeski siglde av garde på ein bølgjetopp av gromlyd. Og me publikum lét oss bli skylde med.