Ordføraren teken på ordet

No er årets festival i gang og ordførar Ringkjøp møter sitt fyrste band som artistansvarleg. Svett i neven og spent i kjeven men klar for å møta bandet han skal beverta. Andy Emler Trio er det heldige bandet som får æra av å njota Ringkjøp sitt selskap. Vossa Jazz ynskjer Ringkjøp velkomen i staben og vonar det vert ei uforgløymeleg helg for både musikarar og folkevald.