Opningstalen Vossa Jazz 2010

aapning_frode_grytten_f-brynjar_vik-2

For dei som ikkje var så heldige å få oppleva Frode Grytten opna festivalen men òg for dei som var der men likevel gjerne vil lesa talen hans; her fylgjer Frode Gryttten sin opningstale til Vossa Jazz 2010:

charles mingus døde i mexico
med sola som ein cymbal på himmelen
sola var ute av stand til å tine opp mingus
ute av stand til å drive vekk the chill of death
fingrane hans – numne
tærne hans – numne
hjartet hans – nummen
musikken – numment

inne i den store kroppen
blåste ein storm av noteark
alt rotet frå livet hans virvla rundt der inne
flasker iskrem mikrofonar søppel ein pork pie hatt
sterofoniske skrik einsame gatehjørne
okkuperte fedre blå nåde

sola likna ei eggeplomme med skyer rundt
sola rørte seg ikkje på tre døgn
charles mingus visste då at
om du lukkar auga
kan du høre sola
dersom du lukkar auga nok
kan du høre sola

sola har sine lydar slik vêret har sine lydar
snø dempar lyd regn lukkar inne
hausten har ei tåke rundt alle lydar
byen er ein bass som står nede i gata
lyden av eit permanent menneskelig jordskjelv

før døden visste charles mingus dette
skal du lage musikk må du lage musikk
som høyrast ut som sola for ein som har auga lukka
eller som eit måltid du stappar ned halsen når du er
svolten
så umiddelbart så instinktivt
ein nødvendig frukost
det er musikk det er jazz ein nødvendig frukost

skal du lage musikk må du lage musikk
som høyrest ut som om du kjører ein bil altfor fort
slik at ein blind mann kan høyre farten
kjenne svingane susinga av den våte vegen under hjula
fløytinga frå andre bilar vindaugsviskarane over
frontruta
musikken er denne dialogen på vegen
mellom sjåfør og passasjer
krafsande diggande swingande

pluss pluss
det som mingus hadde hørt
på plantasjane i trappeoppgangane på gatehjørnene
i barane i bilane i bussane
lyden av menn som ler saman

ein gong stod ein fyllik bak i lokalet
og ropte på den same songen: spel den mingus spel den
til slutt gikk mingus ned og dytta bassen i fyllikens
ansikt
spel han sjølv

så gikk han ut i sinne
ut i gatene han drog stilla frå klubblokalet opp etter
seg
inn i gatene ut i byen sinna overmanna nummen
han pakka musikken full av liv full av byens støy
full av sinne sitt eige blod
telefonar som small i veggen fordi han ikkje fikk
summetone
lamper han knuste fordi dei ikkje lyste
kamera innspelingsutstyr dører flasker
til slutt knuste han bassen også

soloane hans blei stadig tyngre
slik kroppen hans blei stadig tyngre vekta av alt inni
han
hundre blodige villmenn døden krigen mødrene
alt samla i ein person vekta av å vere den han var
han spelte bass som han var ein brytar ute på matta
finne eit grep rundt halsen hive bassen i bakken
bare jazz som blåser fletta av deg igjen

pluss pluss
eit skrik eit hyl må finnast i musikken
eit hyl som er det bankande hjartet i all svart musikk
eit hyl om nåde håp smerte sorg
ikkje bare det ei helsing også
eit rop til brør og vennar: eg er på veg eg kjem bror
plukk alt saman frå kvarandre del det i bitar
til slutt finn du det hylet
bak det swingande finst ei hamring
bak hamringa finst ein song
i songen finst ein blues
i bluesen finst eit hyl

eit hyl eit rop for å få dei døde tilbake rope dei
tilbake
men ikkje bare det det veit den døande mingus no
under mexicos sol som er ein klatt smeltande smør
der oppe på himmelen
bluesen er å ønske seg sjølv død
bluesen er ein måte å hjelpe dei levande med å finne dei
døde

jazzen er tenkande syngande klagande hamrande
vi hører jazz og føler jazz og røyker jazz
vi kler på oss jazz om morgonen og går ut i new york
på voss og i harstad i baltimore og paris
vi omfamnar jazz vi kyssar jazz drikk jazz inhalerer jazz
kravlar bakover i tid vekk frå oss sjølv
syklar framover til oss sjølv
mingus med ein bass bakpå sykkelen
gjennom greenwich village
og sykkelen knekker under vekta av jazz

jazz
under snøen
under dødens kulde
the chill of death
kjem jazz til syne
eit sterofonisk hyl

hyssj hyssj
stillheita er eit visst minumum av lyd som må til
for å dekke all annan støy
hyssj hyssj

hører du sola
hører du tåka
hører du toget
hyssj hyssj

jazz er ein blind mann bak rattet
her kjem eg bror
her kjem eg

Del gjerne!