Opningstalen 2024

Kjartan Fløgstad opna årets festival, Foto: Runhild Heggem, Vossa Jazz
Kjartan Fløgstad opna årets festival, Foto: Runhild Heggem, Vossa Jazz

Årets festival er over, og me mimrar tilbake til opninga, så her er opningstalen til Kjartan Fløgstad:

EIN GOD DAG

Eg hadde gått på dans og fått meg eit glas

Det var på Park Hotel under Vossajazz

Dei strauk meg mjukt som eit instrument

Då var eg fortapt, då var elden tent

Så lat meg seia at

Slik før dag blir natt

At musikken den finn stad i

Ein landsdel eg er glad i

Slik som jul og 1. mai

Som ein ferdigscora goal

Slik som påske og oppstandelse

Som bryllaup og begravelse

Konfirmasjonsdag og dåp

Det finst alltid eit håp

For det er palmer og helg

Det blir dragspel med belg

Fyrverkeri og salutt

Før dagen tar slutt

Prolog og lysrakettar

Meny med atten rettar

Det blir englar i skjul

Det er to, det er trekant

Det blir mølje og pul

Det er opp under jul

Det er monogami

Det er fem mil på ski

Det er feste og gli

Det er faen til greier

Det blir siger og seier

Det er å spurta i mål

Det blir jubel og skrål

Det blir premie og pris

Seremoni som bevis

Det er kort og brutalt

Det blir pølse med alt

Og med rekesalat

Det er fullt det er fres

Det er ekte majones

Det er enkelt fortalt

Med musikk over alt

Blir det kult ikkje kaldt

Ikkje kjøpt og betalt

For å seia det slik

Ikkje over mitt lik

For med fullgod jazzistanse

Blir det fort ein gylden sjanse

Som når Sangen om Gutten i Dalen

Portland og minnenes klang

Lyder på Voss-festivalen

Langt ifrå skiftfløytas tvang

Det var jobb på fabrikken

Det var langt frå folkeskikken

Det var blodslit og sveitting

Eta stål og drita kjetting

Det var Union Carbide

Som rima på arbeid

Det blei oppmikka lyd

Då blir det ein fryd

For når diktet er ope

Med rim og synkope

Mellom kviskringar og ropet

Blir det full pott i poker

Det blir sola i oker

Det blir månen i ny

Det blir nasen i sky

Festivaltog med Vy

Det blir terning på seks

Det blir åndsliv med sex

Det blir kjærleik med kjønn

Det var ikkje bønn

Du kan dansa vossanova

Om du blir med utom nåva

Det er full orangutango

Det er tango Vossavango

Det er slik du gjer ein sang god

Det er slik du spelar Brann god



Du kan berre slå på

Så skal du få sjå på

At slik har det seg vestpå

Det var ordspelemann

Og slåttekar når sola rann

Og låttemann og spelekar

Og fløytelåten mjuk og vár

Det er strekk på divanen

Ikkje jobb ikkje faen

Rima Bulken og Bolsjin

På Vangjen i solskin

Vi er fjellgras på rim

We are islands in the stream

Vi er steinar i straumen

Dar har du den draumen

For ein ordspelemann

Halda tunge for tann

Ikkje gjera det slag

Men å vera i slag

Å få kora i lag

Og bli kompa i rimnaud på sag

Og med ordspel som fag

Der har du min dag

Der har du mitt val

Av musikkfestival

Del gjerne!