Opningskonsert og verdspremiere!

opningskonsert-Eirik Åsheim-5

Årets festival vart tradisjonen tru opna med Per Indrehus sin Heime på steinane framført av Jørund Indrehus på tangentar og Jørn Styve på lur. Etter desse mektige tonane slentra sjølvaste Karl Ove Knausgård inn på scena. No er det inga hemmelegheit at denne mannen har ordet i si makt, følgjeleg kunne han tillate seg å sitera ein annan type som også var privilegert med ei særeigen evne til å ordleggje seg presist, nemleg Rainer Maria Rilke, som sa at musikken løftar oss opp og legg oss ned ein heilt annan stad. Nestemann på scena, Polkabjørn, gjorde nettopp det og løfta heile salen opp med eigen Ode til Vossa Jazz som innehaldt både strupesong og jodling.

Årets opningskonsert var ei ny bestilling i regi av Vossa Jazz og Riksscenen. Erlend Skomsvoll hadde fått i oppdrag å skriva ny musikk i krysninga jazz/folkemusikk.

Konserten starta midt i publikum; Skomsvoll kom gåande nedover midtgangen, akkompagnert av taktfaste trommeslag. Musikarane klauv opp på scena, rigga seg til, og før ein visste ordet av det, var me invitert inn på ein vilter kabaret, der vokalist Wenche Losnegård malte fram gåtefulle tekstbilete: ”Gå dit du er, jeg venter.”

Undervegs greidde orkesterleiar Skomsvoll ut om ideane bak kveldens verk. Stikkorda, sa han, var møtet mellom folkemusikk og jazz – og eigen historie. Midtvegs i konserten presenterte Skomsvoll ein del han hadde titulert: ”Ser deg: Røtter”, ein hyllest til forfedrane som har bore ein fram.

Deretter var det duka for verdspremiere, då Skomsvoll introduserte eit instrument han hadde skapt sjølv – sagofonen! (sjå bilete). Sagofonen viste seg å vere eit instrument med pedal som tolte å bli både slått og stroke, utan at det gav frå seg ulyd. Musikken som no fylte Vossasalen var av det luskande slaget, rastlaust, søkjande, og sagofonen fekk fint selskap av dei andre – nokon meir, nokon mindre – konvensjonelle instrumenta på scena.

Heilt i tråd med dei sprelske innfalla, innimellom radbrekking av ”Tango for to” og ”Dains med dæ”, dukka det også opp ei historie frå 1956, der Gerhardsen og myndigheitene såg seg nøydd å sende 20 000 troll til Jan Mayen. Kvifor? På grunn av bilen. Berre spør Skomsvoll. I kveld bygde han ei bru over tider og sjangarar, ei bru som førde rett inn i hjarta på dei som var så heldige å parkere seg i Vossasalen denne kvelden.

Les opningstalen til Knausgård her.

Del gjerne!