Opningskonsert med Nils Petter Molvær sitt Tingingsverk frå 1996

Foto Vidar Herre

I 1996 urframførte stjernetrompetist Nils Petter Molvær Tingingsverket «Labyrinter» på Vossa Jazz, med massive beats, bankande grooves og brennande trompetsoloar! Det strålande verket vart døypt om til «Khmer» og gjeve ut som Molvær si debutplate på ECM året etter. Albumet vart seld i over 250 000 eksemplar over heile verda og befesta hans posisjon blant dei leiande stemmene i den europeiske jazzrørsla.

Vossa Jazz er stolte over å ha hatt ein finger med i spelet i Molvær si tidlege karriere, og no er me utruleg glade for å få høyra det viktige Tingingsverket ein gong til, som opningskonsert på jubileumsfestivalen!

Saman med ei gruppe fantastiske musikarar byggjer Molvær bru mellom ECM-aktige improviserte lydlandskap og den modige nye verda av trip-hop, drum’n’bass, ambient/illbient, techno, industrial, electronica og samples.

Nils Petter Molvær er kanskje best kjend for samarbeid med dei fleste leiande musikarane i skandinavisk jazz, og med internasjonale stjerner som Elvin Jones, Gary Peacock og George Russell. Med Khmer kombinerer han fridomen til jazzen med rocken sin energi og elektronikasjangeren sine uante, teknologiske moglegheiter.


Medverkande:
Nils Petter Molvær – trompet
Eivind Aarset –  gitar
Jan Bang –  live sampling
DJ Strangefruit – platespelarar
Audun Erlien –  bass
Rune Arnesen –  trommer
Per Lindvall –  trommer
Sven Persson –  lyddesign
Tord Knudsen –  lysdesign

Voss idrettshall fredag 31. mars kl. 18.00.

Kjøp billettar hjå TicketCo.

Del gjerne!