
Opning Voss kulturhus
Badnajazzkoret lokka publikum til opning
Torsdag 6. januar opna Voss sitt nye kulturhus. Badnajazzkoret samansett av 50 born i alderen 4-13 år stod på taket og lokka eit fakkeltog til huset.
Etter den offisielle opninga var koret med på festframsyninga i storsalen. Eit festkledd publikum fekk oppleva borna framføra folketonar frå CDen “Eg è liten eg men eg vaoga meg”. Med trøkk og glede trollbandt borna publikum.
Det er berre å gle seg til Badnajazz sitt Tingingsverk som vert framført sundag 17. april; der kan de få oppleva ein heil konsert med eit endå større Badnajazzkor.
7. januar 2011
Les meir om:
Artikkel under: