Opne landskap

Tanaka/Lea/Strønen rører seg i opne landskap. Her er ingen stengsler, ingen vers og refreng. Trioen utforska ulike klangbilete, harmoniar og rytmar, prøvande, intimt, nakent og kjenslevart. Sjangermessig var me ein stad mellom mosegrodde folketonar, fri avantgardejazz og klassisk kammermusikk.

Tanaka/Lea/Strønen var akkurat det slitne festivaløyre trong sundag føremiddag. Ei intens oppleving – ei reise i lyd og klang – som set seg i kroppen og hovudet.