Ola Kvernbergs Steamdome til Vossa Jazz

Foto Marthe Amanda Vannebo

På «Steamdome II: The Hypogean» stiller Ola Kvernberg med eit enno meir blodtrimma mannskap enn sist, same skamlause forhold til sjangermiks og eit nyvunne ynskje om å røska deg ut or hiet og gje deg ein time musikkterapeutisk fri frå pandemi og globale katastrofar generelt.

Då Steamdome dundra gjennom lydmuren for tre år sidan hagla lovorda frå presse og publikum. Mange utselde konsertar, fleire høgthengande prisar og ei topp-10-plassering på lista over Noregs mestselgande vinylplater seinare, kom oppfylgjaren som hausta topp kritikkar i ei samla musikkpresse. Der debutalbumets dogme var reindyrka, organisk, perkussiv musikk, stiller The Hypogean med synthar, trommemaskiner, preparert piano, harper, pumpeorgel og vokal. Med ein jazzmusikars utålmodige DNA og ein filmkomponist sin teft for konsept og drama, er det nemleg aldri eit alternativ for Ola Kvernberg å resirkulera seg sjølv. På sisteplata går musikarane ut av sine vante rollar, og det er berre å gleda seg til eit fyrverkeri av ein konsert i Vossasalen!

Ola Kvernberg – fele og anna moro
Erik Nylander – trommer, perkusjon
Olaf Olsen – trommer  
Martin Windstad – trommer, perkusjon
Nikolai Hængsle – bass, gitar
Øyvind Blomstrøm – gitar
Daniel Buner Formo – tangentar

Fredag 8. april!

Kjøp billettar hjå TicketCo. Konserten inngår i billetten Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

Del gjerne!