«Oh my God, are all of you here to see your old grandma?» 

Sheila Jordan og Cameron Brown (Foto: Vossa Jazz/Olav Aga)
Sheila Jordan og Cameron Brown (Foto: Vossa Jazz/Olav Aga)

Sheila Jordan saman med Cameron Brown på kontrabass letta på smilebåndene til publikum i ein fullstappa Gamlekinoen laurdag kveld. Sheila var bokstaveleg talt glitrande glad, og framførte både tradjazz-perler og improviserte nummer med stor innleving, humor og musikalsk tyngd.

Ho fortalde historiar frå eit langt, innhaldsrikt og musikalsk liv. Alderen hennar vart satt i perspektiv då ho røpte at ho vart fødd på same dag som Mikke Mus: 18. november 1928. Cameron spela mjuke tonar i bakgrunnen som om han aldri hadde gjort noko anna. 

«If we don’t meet again, I will see you in heaven», sa 93-åringen då konserten var slutt. 

 Med så uforskamma ungdommeleg gnist, skulle det ikkje forundra meg om ho vert å sjå på jazzscener i mange år endå!

Del gjerne!