O juleslepp med di glede!

Foto: Brynhild Steine / Avisa Hordaland                                       

Endeleg er plata “Eg er liten eg men eg vaoga meg” å fa tak i! Vel og merka ekslusivt for vossingane nasjonalt plateslepp vert fyrst i samband med Vossa Jazz.

Over 100 ungar deltek og desse var godt representert på Ringheim kafé torsdag 2. desember. Til trass for kulden ute så steig fort temperaturen inne! Jolanissen hadde med seg ein grautkjele full av splitter nye CDar og som erstatning for den manglande grauten så fekk alle pepperkaker og sprudlande drikke. “Eg er liten eg men eg vaoga meg” er å få kjøpt på PlayCom Vossevangen Libris Tre Brør Café Tropehagen Zoo på Amfi på Voss.