Nytt nanm og ny plate

Bogue Chitto – Reds Lounge

Då programmet til Vossa Jazz 2017 gjekk i trykken heitte bandet Rosseklovnkleppen, men så bytte karane namn til Bogue Chitto. Og så skal dei ha plateslepp på festivalen!

Inspirasjonen til låtane på plata Reds Lounge har vore delt mellom norsk folkemusikk, americana og afrikansk ørkenblues. Låtskrivar Marius Klovning ønska å ta det eit steg lenger enn på debutplata og har prøvd å skapa større kontrastar mellom låtane. Når det er sagt, så er framleis samspelet mellom bandmedlemmane det viktigaste og låtane er bygd slik at dei kan ta nye retningar for kvar gong bandet spelar dei, seier Klovning.

Bogue Chitto er ein liten stad i Mississippi som Mattis køyrde forbi på ein lengre rundtur i USA i haust. Det er meir enn noko anna eit tøft namn;)

Marius Klovning – gitar
Mattis Kleppen – bass
Are Rosseland – trommer

Få med deg konserten til Bogue Chitto på Park fredagskvelden! Konserten inngår i billetten huskort fredag.
Velkomen!

Del gjerne!