Nydelege tonar på Hanguren

Svært mange hadde funne vegen opp til gratiskonsert i Hangurskafeen laurdag ettermiddag. Trioen med Ivar Kolve på tangentar Karin Park på Vokal og Ole Marius Sandberg på kontrabass framførte roleg melankolsk jazz og vakre viser. Det heile blei ein flott konsert med dyktige musikarar og god stemning og Hanguren som perfekt ramme rundt det heile. Bilete: Svein Ulvund vossnow.net.