Nunatak i Gamlekinoen

Det er eit deilig gjenhør med Karl Seglem og kompani. Dei seks musikarane på scena leikar seg gjennom konserten og godtonar frå bukkehornet og saksofonen til Seglem strøymer ut i den gamle kinosalen. Tilskodarane vert dregne med inn i ein hypnotisk tilstand, der det er godt å vera.

Bandet rundt Karl Seglem briljerer stort. Det er forfriskande med nokre skremmande gode elbassliner frå Hallvard Gaardløs, og Kåre Opheim får det til å svinge på slagverk. Saman med Håkon Høgemo og
Erlend Viken på hardingfele, samt Lars Jakob Rudjord på tangentar vert det ei eventyrleg konsertoppleving i Gamlekinoen.

PS. Tommel opp for fuzzpedal på hardingfele, det er det for lite av!