Landet opnar opp! Foto: Vidar Herre/Avisa Hordaland

Noreg opnar opp: Fleire billettar til Vossa Jazz!

På pressekonferansen på NRK fredag kl 12.30 hadde Erna og regjeringa ei gledeleg melding til Vossa Jazz og resten av landet: Noreg opnar opp att, frå laurdag kl 16.00!

Dette betyr at me kan selga fleire billettar til konsertar frå laurdag kl. 16.00. Eksempel på konsertar som var utselde med gjeldande restriksjonar er Mathias Eick – Kind of Blue, Valkyrien Allstars, Hedvig Mollestad Trio, Moksha, og Petters Festjam.

– Me var den fyrste festivalen som måtte stenge ned då pandemien ramma, og no er me den fyrste som får opna opp att! Dette betyr at me kan selga fleire billettar til konsertane på laurdag etter klokka fire og sundag, og me kan endeleg bruka meir energi på det festivalopplevinga, istadenfor å berre fokusera på restriksjonar. Gjenopningsfesten vert på Voss!

Trude Storheim, festivalleiar

Den største scena på Vossa Jazz, Vossasalen, har kapasitet på 240 publikummarar med dagens restriksjonar, og 650 utan restriksjonar.

Artikkel under:

Arkiv