Top Spot syda av liv då Nora Noor tok Voss med storm. Laurdag kveld var det stinn brakke og full pakke på Fleischer’s. Noora Noor synte ein gong for alle at ho er den leiande R&B-stjerna i Noreg i dag. Spellemannprisvinnaren gav publikum eit sceneshow utan sidestykke med god hjelp frå eksotiske medspelarar. Bandet til Noor bestod av ein fargerik bukett av musikalske talent og særleg kordamene er verdt å trekkje fram. Dei tre damene imponerte med groovy soloinnslag og romperisting til stor jubel i salen. Noor viste ein sjeldan energi på scena og vil bli hugsa lenge!
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.