Nok ein vellukka Vossa Jazz

trudeogmagne2010

Etter dagens oppsummering etter nesten overstått Vossa Jazz kunne festivalsjef Trude Storheim og styreleiar Magne Kalstad konkludera med at den 37. i rekka har vore ein suksess.
– Med årets salstal når me budsjettet vårt. Me har prøvd ut nye småscener i år og har opplevd stor pågang. No må me vurdera om kapasiteten er god nok då beklageligvis mange ikkje kom inn på desse knallgode konsertane seier Storheim.

Voss Jazz er ein nyskapande festival og dette året har publikum fått presentert heile fem nye bestillingar; Tingingsverket komponert av Karin Krog og John Surman. I tillegg presenterte Tore Brunborg og Kirsti Huke sitt nye prosjekt Scent of Soil Kvarts hadde med seg Birger Mistereggen Helge Lien og Torben Snekkestad og saman foreina dei jazz og folkemusikk med nyskrive materiale og i strålande solskinn fekk publikum oppleva Jon Balke versjon av «Kjempeviseslåtten» kombinert med luftakrobatikk under Ekstremjazzen. Badnajazzen er 10 år og markerte dette med eit tingingsverk frå Runar Gudnason og Side Brok saman med elvar frå Bjørgum og Ulvik skule. Billettane har gått unna og dette stadfestar at programmet har slått an.

Del gjerne!