No høyrer eg atter slikt spel frå Dale

Eyold Dale Trio, foto: vossajazz/Anders Flatlandsmo
Eyold Dale Trio, foto: vossajazz/Anders Flatlandsmo

Dale, Zanussi og Kleive kan jazze,

ja dei er ein trio i verdsklasse.

Bak buldrande basspel så finn me han Per,

ein kar som verkeleg veit kva han gjer.

Raske løp og fabelaktig akustikk,

Eyolf speler alltid med eit undrande blikk.

For Audun Kleive så finnst ikkje ord,

han er ein legende som går på vår jord.

Ikkje ein stol ledig i virtuOsa-salen,

musikken kjem over oss og hever moralen.

Hugs at sjølv om musikalitet er ein verdifull dyd,

hadde det ikkje vore det same utan Persson på lyd.

Til slutt reiste publikum seg i samla flokk,

det kommande albumet kjem ikkje fort nok.

Del gjerne!