Nils Økland sitt Tingingsverk til Roskilde

I år feirer Roskilde 50 år, og torsdag 2. juli framfører Nils Økland Glødetrådar, Tingingsverket sitt til Vossa Jazz i 2016!

Me er stolte!

Omtale her etter framføringa på Vossa Jazz:

Forventingane var skyhøge og Vossasalen tettpakka då Nils Økland entra scena for å framføre sjølvaste tingingsverket. Han hadde med ein gjeng fantastiske musikarar som leikande, skurrande, bølgjande bygde opp og tona ned musikken under stødig leiing av Økland. Kombinasjonen av tradisjonell folkemusikk, rocka folk, punk og jazz fungerte som ei kule. Publikum nikka ivrig og var tydeleg fascinerte av samspelet. Konsertopplevinga vart forsterka av nydeleg lyssetjing som underbyggja tittelen på verket; på scena hang glaskuler med lys som gløda i takt med musikken.

Glødetrådar var nok ein kraftprestasjon frå Økland.

Nils Økland – feler
Rolf-Erik Nystrøm – saksofonar
Sigbjørn Apeland – trøorgel/rhodes, klaver
Niles Van Heertum – euphonium og trompet
Per-Steinar Lie – el-gitar
Håkon Mørch Stene – vibrafon og slagverk
Ørjan Haaland – trommer
Mats Eilertsen – kontrabass

Og til hausten kjem musikken på plate!

Sjekk www.roskilde-festival.dk for heile programmet