Nils Økland Band i Osasalen

Foto: Charlotte Førde Skomsøy

NILS ØKLAND BAND 

Felespel med spenst og brei appell 

Nils Økland – hardingfele, feler 
Rolf-Erik Nystrøm – saksofon 
Sigbjørn Apeland – trøorgel 
Håkon Mørch Stene – slagverk 
Mats Eilertsen – kontrabass 

Nils Økland er ein av Noregs leiande felespelarar, ein fornyar av tradisjonell folkemusikk, og brubyggjar til klassisk og moderne musikk. Han komponerer det meste av musikken sjølv, frå vakre melodiske balladar og atmosfæriske eksperiment til mørkare lydbilete. I Nils Økland Band spelar han med eit knippe musikarar med same vidsyn og spennvidde, med røynsle frå spenstige prosjekt som mellom anna POING, 1982, samtidsensemblet Asamisimasa og The Source. Kvintetetten har holde på i 10 år og har rukke å sleppa 10 album, vunne Spellemann og Folkelarm, og laga tingingsverk til Vossa Jazz. Tradisjon og modernisme i perfekt samspel. 

Del gjerne!