Nattbuss

Skyss har sett opp nattbuss frå Voss
Natt til laurdag og natt til sundag:
Kl. 02:40 frå Holbergsplass via Tinghuset/Fleischer’s 02:45 til Bolstadøyri så langt det er passasjerar med bilen
Kl. 02:45 frå Voss st/Fleischer’s via Holbergsplass 02:50 via Skjerpe (dersom passasjerar) til Stalheim så langt passasjerar.
Kl 02:45 frå Voss st/Fleischer’s via Holbergsplass 02:50 via Granvin (dersom passasjerar) og Ulvik (dersom passasjerar) til Hjeltnes så langt det er passasjerar med bilen.
Rutene blir utført med Maxitaxi/taxi. Ved full bil vil bilen bli supplert eller returnere og kjøre ny tur.
Pris: Gyldig ungdomskort kan brukast (gratis mot kvittering) uavhengig av strekning kr. 50 for passasjerar i alderen 16-24 år og kr. 70 for passasjerar fylt 25 år.
Bilane stoppar kun på busshaldeplassane samt ved Fleischer’s.