Når klokka slo trøkk

Red Kite, Foto: VossaJazz/Odin Drønen
Red Kite, Foto: VossaJazz/Odin Drønen

Natt til laurdag var det definitivt nok vind frå forsterkarelementa til Even Helte Hermansen til å få letta resten av Red Kite på Pentagon. Eit engasjert, sveitt og lydhøyrt vossajazz-publikum tok imot referansane til blant anna storheitar som Jimi Hendrix og Led Zeppelin på ein eksemplarisk måte. Ordet «supergruppe» som vart nevnt på førehand vart på alle måtar innfridde med improvisering i aller høgaste klasse frå Moen, Frønes og Lofthus. Sjølv om Hermansen påpeikte at dette var noko dei ikkje fekk gjere så ofte, er nok alle i publikum einige om at dette er noko dei bør få gjere mykje av i framtida.

Led Zeppelin dokumenterte korleis dei vann verden med «How the West was Won», Red Kite vann Vestlandet på Pentagon inatt.

Del gjerne!