Då Eriksen temde tropevarmen

Foto: Runhild Heggem

I eit tettpakka lokale med varm, tjukk luft, skin ei sart stemme gjennom. Den nesten tropiske lufta i lokalet forduftar, støyen frå festglade menneske i restauranten ved sida av kneblast, og i ein augneblink er det som om tida stopper opp. Salen er i total stille.

I det aller roligaste, det nesten uhøyrlege, er Torunn Eriksen ei sart og følsom stemme. Ho omfamnar mørkret med ei innleving og ømheit som ein sjeldan får oppleve på ei scene. Så, før ein veit ordet av det, bygger ho opp og viser seg fra ei meir storslått og funky side. Stemma ber gjennom lokalet med forbløffande fraseringar og enorme sprang. Ikkje ein gong hetebølga på Café Stationen kunne temma Torunn Eriksen i kveld.

Del gjerne!