Nåla peikar framover tilbake til 70-talet

Needlepoint (Vossa Jazz/Olav Aga)
Needlepoint (Vossa Jazz/Olav Aga)

Jævlig bra!, ropar Olaf Olsen, medan Bjørn Klakegg slår fast at bandkamperatane heldigvis har laga overgangar mellom låtane for å unngå at det vert sagt så mykje dumt. Eit trekk som gjer at publikum får servert endå meir av dei pulserande linjene til Nikolai Hængsle og den Lyle Mays-aktige tangentbruken til David Wallumrød.

Her fekk ein servert ein god dose progga jazzpop som kan gje assosiasjonar til tidleg Pink Floyd blanda med King Crimson, ispedd rare taktartar og ein «Gamlekinoen» som såg 20 år yngre ut enn den eigentlig er. Til saman vart dette, i fylgje nokre i publikum, noko ein kunne dansa sving til.

Needlepoint rørde seg frå det rolege og såre, opp gjennom den dalen til det meir opne og leikne på toppen av åssida, for så å gå nedover i mørkare skogar. Det tidlegare nemnde grepet, å gjere konserten til ein halvannantime lang medley, vart unisont sett pris på av både svingdansarar, rockeføtter og raudvinssipparar – sjølv om raudvinen kanskje vart sett i vrangstrupen frå tid til annan. For dette var ein konsert frå øvste hylle. Sett til rammene av Gamlekinoen, vart dette ein framoverretta nostalgitrip gjennom «den dalen», via eit par framande dimensjonar, før me nådde toppen og vart tilbudd månen gjennom dei høge symbalane til Olsen før me kom ut at til ein nestenfullmåne på tinghusplassen.

Del gjerne!