Nachspiel med Frida

Frida Ånnevik (foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)
Frida Ånnevik (foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)

Det er nært – det er sårt, det er kvardagsleg – det er storslått. Det er – Frida Ånnevik!

Det er snart ti år sidan Frida hadde sin musikalske debut med albumet
«Synlige hjerteslag», og det er ein moden artist som står framføre oss på scena denne søndagskvelden. «Det er veldig stort å spille i Vossasalen» seier ho. Ho fortel at ho har jobba seg opp i gradene på Vossa Jazz, og at ho no kjenner at ho har havna på riktig hylle – nemleg sjølvaste avslutninga på festivalen. Ho er nachspielet.

Lyrikken har alltid vore sentral hjå Frida, utan at det musikalske på nokon som helst måte vert nedprioritert. Det er tre enormt kompetente musikarar ho har med seg denne søndagskvelden – Haldor Røyne på gitar, Erlend Slettevoll på tangentar, og Jo Berger Myhre på bass – som på kvar sin kant er med å omringa denne folkekjære artisten.

I løpet av konserten vert me og kjend med personen Frida Ånnevik. Innimellom låtene får me høyra skildringar og observasjonar frå Frida sitt liv, der ho blant anna samanliknar seg sjølv med Lilli Bendriss (frå Åndenes Makt). Begge kan dei sjå heilt andre ting enn det andre ser. Og det er nettopp dette Frida gjer. Ho ser. Ho gjennomskodar. Samtidig som ho og klarar å formidle dette på ein nær, poetisk og underfundig måte.

Det er ikkje kråkesølv eller glans eller rav me ser i Vossasalen denne søndagen. Det er sjølvaste diamanten frå det moderne norske visemiljøet. Etter denne laaaange festen årets Vossa Jazz har vore, var dette den best tenkelege avslutninga – det beste nachspielet ein kunne håpa på. Og dét heilt utan fare for noko bakrus enn Ånnerus.

Del gjerne!