Mystisk og mektig – Lokomotiv set standarden for årets festival

Lokomotiv på Vossa Jazz. Foto: Runhild Heggem
Lokomotiv på Vossa Jazz. Foto: Runhild Heggem

Avslutninga på turnéen til jazzlinja ved NTNU i Trondheim vart til ein pangstart for Vossa Jazz. Til stor glede for tilhøyrarane spelte dei uredde musikarane alt frå shuffle og funk til frijazz og bop. Dei variera mellom kraftige riff og rolige harmoniar, alt i eit blendande godt samspel mellom musikarane. Men også enkeltinstrumenta fekk kome fram i lyset. Mellom anna Sondre Ferstad på munnspel og Hogne Kleiberg på piano imponerte stort, med overveldande soloar og heilt unik stil.

Musikarane i Lokomotiv er verkeleg jazznoreg si framtid.

Hugs å få med deg «Jazzland Night: Trialogue og Endresen/Bang med gjester» i Gamlekinoen kl 20:30 i kveld!

Del gjerne!