Musikkglede kjenner ingen alder

Eldrejazz Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem
Eldrejazz Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem

Fulle hus har det stort sett vore på alle konsertar, og dette var ikkje noko unntak på Velferdsentralen denne sundags ettermiddagen. Så var det også fint musikalsk besøk frå Bauthus, så her var det duka for mimring både i form av stubbar og stev. Anne-Siri Bauthus er som namnet avslører frå sjølvaste staden, og med seg hadde ho mannen Olav Undeland og sonen deira, Anders. Å ta snarvegen om Bauthus vart me fortalt at er eit fast uttrykk for å vera sein, til dømes om ein har vorte litt lenge på fest, så vert ein gjerne spurt: «jaha, så du har teke snarvegen om Bauthus?» Så verkar det også som ein plass ein verkeleg kan ha lyst å slå seg til – Anne-Siri fortalte om besta, Brita Bauthus, som er den ho har arva songskatten etter. Og det var frå denne me fekk høyra, i tillegg til andre fine viser. Det gjorde godt med ein snartur til Bauthus.

Del gjerne!