Musikalsk ekstremvær i Osasalen

Arashi (foto: Vossa Jazz/Eila Fjose)
Arashi (foto: Vossa Jazz/Eila Fjose)

Frå fyrste tone vert det klart at sarte sjeler vil måtte strekkje seg diskrét etter øyreproppane sine. Men det skulle berre mangle at det ikkje skal kjennast i bringa når Arashi, eller stormen som det tyder på japansk får kvervla fritt i Osasalen på anarkistisk vis. Multiinstrumentalisten Sakata vekslar mellom altsaksofon, klarinett og vokalprestasjonar og har eit sterkt, nesten teatralsk nærvær på scena.

Han gjev likevel rom til rytmeseksjonen sin med slagverker Paal Nilssen-Love og bassist Johan Berthling. Saman skapar dei eit variert sett med mykje dynamikkvariasjonar og viltre melodilinjer som aldri heilt let seg fanga. Og dette ser ut til å halde publikumet på alerten gjennom heile konserten.

Til tider ser det beint ut stritt ut for bass og trommer å halda fylgje med 77 år gamle Sakata. Dette leier til latter både på scena og i Osasalen si frijazz-frelste forsamling. Og då det timeslange settet var over, vart dei trampeklappa opp att på scenen for nok ein kraftprestasjon.

Del gjerne!